| Tittel: | Rapid review of inequalities in health and wellbeing in Norway since 2014 | | Signatur: | Elektronisk dokument | | Ansvar: | Peter Goldblatt [... et al] | | Forfatter: | Goldblatt, Peter  | | Materialtype: | Elektronisk dokument | | Utgitt: | London : The University College London, Institute of Health Equity, 2023 | | Omfang: | 240 s. | | Emneord: | Folkehelsearbeid / Helsestatus / Levekår / Levekårsundersøkelser / Norge / Sosial ulikhet / Sosioøkonomiske forhold / Ulikheter | | Note: | Trass i høg og aukande levestandard har vi vedvarande forskjellar i helse og i forhold som påverkar helsa. Dette kjem fram i ein ny rapport om sosiale forskjellar i helse i Noreg. -Eit av måla for folkehelsearbeidet i Noreg er å redusere dei sosiale forskjellane innan helse. Årsakene til sosiale forskjellar i helse er samansette. For å møte utfordringane treng vi innsats frå fleire sektorar, og forståing for at ulike sektorar kan spele ei stor rolle for befolkninga si helse, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet. I rapporten har ein sett på utviklinga sidan 2014. Det blir slått fast at det er vedvarande forskjellar i forventa levealder, helse og livskvalitet, anten ein måler etter utdanningsnivå, yrke eller inntekt. Det blir gitt fleire tilrådingar og tiltak som må til for å oppnå ei jamnare fordeling av helse og livskvalitet i befolkninga. -Rapporten peiker mellom anna på at heile samfunnet må bidra for at vi skal oppnå reduserte forskjellar, både nasjonale og lokale styresmakter, frivilligheit, næringsliv og økonomisk sektor. Tverrsektorielt ansvar og samarbeid er derfor noko av nøkkelen for å nå målet om ei jamnare fordeling og mindre sosial skilnad i helse, seier Granlund. | | Eier: | HELSTILS |
|
|