Forlagets omtale: |
Tore får ikkje bli med Preben og gjengen på telttur, for han har ikkje telt. Han har heller ikkje pengar til å kjøpe seg eit. Ein dag kjem mora heim med ei gamal krukke dekorert med våpenskjold. Kunne denne vere verd noko? I jakta på svar kjem Tore ut for ein skummel antikvitetshandlar i Bergen, der faren bur saman med gauken Britt. Krukka fører han til Skottland, der han får høyre historia om ei sprø riddarturnering. Krukka gjer også at dei vaksne begynner å krangle om pengar, og det viser seg at foreldre ikkje alltid er til å stole på. Tore er i ferd med å gi opp heile greia, men så dukkar det opp hjelp frå uventa hald. Og ein ny venn.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® |