Note: | Fangstutviklinga av laks i den uregulerte Oldenelva og den regulerte Suldalslågen har vist samanfallande tendens dei siste 30 åra. For å kunne skilje påverknad av faktorar i elvemiljøet frå påverknadar i sjø og hav, blir laksebestandane i desse elvane følgde med årlege undersøkingar for å anslå bestandsstorleik på ulike livsstadium. Det er sannsynleg at den parallelle bestandnedgangen dei siste ti åra skuldast påslag av lakselus på utvandrande laksesmolt. I Oldenelva var tettleiken av årsyngel laks og aure høvesvis 16 og 59 pr. 100 m2 hausten 2000, og det er sannsynleg at rekrutteringa av laks dette året var avgrensa av ein fåtallig gytebestand hausten 1999(1,2 egge/m2). Undersøkingane indikerer så langt at det bør være gytt minst 2 egg/m2 for at rekrutteringa ikkje skal vere avgrensa av denne faktoren. I gytesesongen 2000 vart det observert 69 gytelaks, og eggtettleiken vart estimert til 3,8 egg/m2. Tettleiken av presmolt laks og aure var høvesvis 2,0 og 19,0 pr. 100m2, totalt 21,0. Den låge tettleiken av presmolt laks i 2000 skuldast svak rekruttering av laks i 1997, og låg tettleik av 3+ laks i eøva. Dårleg vekst i 2000 førte også til at berre 5% av den tallrike 1998-årgangen nådde presmoltstorleik. Samla effekt er fåtallige smoltårgangar av laks både i 2000 og 2001. |