Søk i bibliotekbasen til NVE
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • v
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Noregs største steinras. Tjelle-skredet 1756
Ansvar:Astor Furseth
Forfatter:Furseth, Astor
Signatur:551.3(483.6) F
Utgitt:Oslo : Samlaget, 2021
Omfang:92 sider
ISBN/ISSN:9788234004346
Serie:Krisetid
Emneord:Fjellskred / Historie / Naturkatastrofe / Skred / Steinskred
Geografiske emneord:Møre og Romsdal / Nesset
Innhold:Sammendrag: Noregs største steinras gjekk 22. februar 1756 i Møre og Romsdal, seint ein søndag kveld. Først morgonen etter gjekk det opp for folk kva som eigentleg hadde skjedd. Deler av Tjellefjellet i Nesset hadde rast ut i fjorden og skapt tre store flodbølgjer. Bølgjene slo langt opp på land og tok med seg både bygningar og båtar. I alt mista 32 menneske livet. Skredhistorikaren Astor Furseth løftar i denne boka fram ein katastrofe som etter få år var gløymt. Han setter også lys på kor ulikt naturkatastrofar rammar. Som vanleg var det også her småkårsfolket som leid mest, men dei bygde likevel staden opp att. Furseth har mellom anna forska på naturkatastrofar i eit historisk perspektiv og har tidlegare skrive både skjønnlitteratur og fagbøker. I Samlaget sin serie KRISETID tek nokre av våre fremste fagfolk for seg ulike historiske kriser i verda
Eier:NVE
Forlagets omtale: For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.
Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det største steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i Møre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drønn frå Tjellefjellet, men utan å forstå kva som var i gjære. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbølgjer følgde raset. Bølgjene slo 200 meter opp på land. Bygningar og båtar vart tekne av vatnet. Først morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet.
Dette er ei forteljing om raset og flodbølgjene, men også om kor ulikt ulykka råka. Her som så ofte ved naturkatastrofar, var det småkårsfolket som leid mest. Dette handlar også om tida etterpå. Slike katastrofer følgjer eit nokså tydeleg mønster: I nesten alle tilfelle er det vanleg å vende tilbake og byggje opp att på den same staden. Typisk er også gløymsla. Etter ein kort periode vart det stille om dette raset. Det største steinraset i norsk historie vart så godt som gløymt.
Astor Furseth (f. 1940) er skredhistorikar og har vore tilknytt Norges geologiske undersøkelse, der han har forska på skred og andre naturkatastrofer i historisk perspektiv. Han har skrive både skjønnlitteratur og fagbøker, mellom anna Skredulykker i Norge og Dommedagsfjellet om Tafjordulykka.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exUtlåntNVEbibl09.11.2025

Antall lån: 1
Vurdering: