Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Straffutmåling for ulovleg opphald etter utvising frå Noreg - HR-2022-1963-A, (sak nr. 22-040255STR-HRET) : 12. oktober 2022 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Påtalemakta (statsadvokat Erik Førde) mot A (advokat Marius Oscar Dietrichson)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2022
Omfang:6 sider
Emneord:Høyesterettsdom / Sivilprosess / Strafferett / Straffeutmåling / Ulovlig opphold / Utlendingsrett
Stikkord:Domstolloven (1915) § 108 / HR-2022-1959-A (Aurstad Maskin) / Straffeloven (2005) § 3 / Straffeloven (2005) § 77 k / Straffeloven (2005) § 79 a / Straffeloven (2005) § 79 b / Utlendingsloven (2008) § 108 f
Geografiske emneord:Marokko
Note:Straffesak, anke over dom.
Innhold:Ein marokkansk statsborgar vart utvist frå Noreg som følgje av fengselsstraff, men vart verande i landet.

Straffeføresegna i utlendingslova § 108 vart i 2021 skjerpa for ulovleg opphald etter utvisning som følgje av fengselsstraff. Det ulovlege opphaldet i saka var delvis før og delvis etter skjerpinga.

I slike tilfelle må domstolane utmåle straff etter høvesvis gamal og ny strafferamme for dei respektive periodane, for så å slå straffa saman. Det er tale om ei vurdering i to ledd. Fyrst finn ein rett straff for kvar av periodane og så samordnar ein desse.

Høgsterett kom til at rett straff for det ulovlege opphaldet på omlag 15 månader før lovendringa, som utgangspunkt ville vere fengsel i 90 dagar. For dei fem månadene som falt etter lovendringa, ville rett utgangspunkt vere fengsel i fem månader.

Høgsterett fann at samla høveleg straff, som og tok omsyn til skjerpande omstende, og også inkluderte to mindre narkotikalovbrot, var fengsel i sju månader.

Rettsområde: Strafferett. Straffutmåling. Utlendingsrett. Straffelova § 3, § 77 bokstav k og § 79 bokstav a og b. Utlendingslova § 108 tredje ledd bokstav f.

Nøkkelavsnitt: 21, 23-24, 29-30

Dommarar: Indreberg, Noer, Bergsjø, Ringnes, Høgetveit Berg(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no