Tittel: | Debitorskifte | Ansvar: | Torhild Nordtveit | Forfatter: | Nordtveit, Torhild Elin | Materialtype: | Bok | Utgitt: | Oslo : Cappelen Damm Akademisk, 2023 | Omfang: | 360 sider | ISBN/ISSN: | 9788202780838 | Emneord: | Kreditor / Kreditt / Kredittvesen | Elektronisk utgave: | Gå til elektronisk utgave | Forlagets omtale: |
I denne boka gjennomgår forfattaren kva som skal til for at ein avtale om debitorskifte skal få verknad overfor kreditoren og kva som blir verknaden av at avtalen kan gjerast gjeldande overfor kreditoren.
Debitorskifte har eksistert sidan romartida og utgjer ein viktig del av moderne formuesforvaltning. Ansvar for skyldnadar blir overført mellom anna i samband med endringar i selskapsstrukturar og endring av eigarskap til selskap, ved sal av immaterielle rettar med tilknytte leveranseplikter, når ein kjøpar av ein fast eigedom tar over pliktene avhendaren har overfor leigetakarar, ved sal av pantegjenstandar eller overføring av festerett eller leigerett til husrom.
Trass den sentrale rolla debitorskifte har i vanlege rettsforhold, har emnet fått relativt lite merksemd i både juridisk forsking og rettspraksis. Undersøkingane i denne boka er den første heilskaplege vurderinga av eit stort tal debitorskiftetilfelle. Det er òg det einaste større verket om emnet debitorskifte på over 30 år.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® |
|
|