Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Treffliste
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Eigedomsteori : innføring i eit samfunnsvitskapeleg teoritilfang for utøving av eigedomsfag
Ansvar:Hans Sevatdal, Per Kåre Sky, Erling Berge og Terje Holsen
Forfatter:Sky, Per Kåre / Berge, Erling / Holsen, Terje / Sevatdal, Hans
Materialtype:Bok
Utgitt:Oslo : Karnov Group Norway, 2025.- 1. utgåve
Omfang:194 sider
ISBN/ISSN:9788293816805
Emneord:Eiendomsrett
Forlagets omtale: EIGEDOMSTEORI I DAGENS SAMFUNNSFAG er sterkt påverka av økonomisk tenking. Framveksten av den institusjonelle tenkinga omkring økonomisk verksemd på 1960-talet og utover la grunnlaget for dagens syn på eigedomsinstitusjonen, ikkje berre innan økonomi, men også innan statsvitskap, sosiologi, antropologi, rettsvitskap og filosofi. Eigedomsrett til fast eigedom – jord, skog, fjell og vatn – er kjernen i denne boka. Men for å skjøne breidda i eigedomsinstitusjonen er det verd å hugse at eigedom eksisterer der vi finn legitime reglar for konkret tileigning av ein del av røyndomen. I moderne tid har tanken om individuell eigedomsrett blitt freista utvida med til dømes retten til å ut øve ein profesjon. Slike diskusjonar illustrerer korleis måten ein tenkjer om individuelle rettar og plikter på, vert ein sentral del av eigedomsinstitusjonen. I eigedomsfaget treng vi teoritilfang frå dei ulike samfunnsvitskapelege fagområda for å forstå eigedomsretten og eigedomsforholda, og for å kunne handle fornuftig som profesjonelle fagpersonar. I boka koplar vi eigedomsteorien til jordskifte, grunnerverv og arealplanlegging. Det er lagt stor vekt på å presentere og drøfte viktige omgrep og samanhengar mellom omgrep. Boka er relevant for dei som studerer eigedomsfag.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®

Ekstern:Oppslag i Oria
Vedlegg:- Kjøp hos Akademika
- Innholdsfortegnelse
- Bokanmeldelse