Losen
  • Portal
  • Søk
    v
  • Treffliste
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Risikovurdering av sosiale tenester i Nav
Signatur:Elektronisk dokument
Materialtype:Elektronisk dokument
Utgitt:Oslo : Statens helsetilsyn, 2022
Omfang:58.
ISBN/ISSN:978-82-93595-50-2
Serie:Rapport fra Helsetilsynet ; 4/2022
Emneord:Barn / Fattigdom / Kunnskapsoppsummering / Litteratur / Risikoanalyse / Risikobasert tilsyn / Sosiale tjenester / Tilsynserfaringer / Ungdom / Økonomisk stønad / Økonomiske problemer
Innhold:Økonomisk stønad i Nav er det siste tryggingsnettet i velferdssamfunnet. Tenestene skal sikre at vanskelegstilte personar og familiar får nødvendig bistand, til dømes opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad og mellombels butilbod. Tilsynserfaringar og forsking frå dei siste ti åra viser at brukarar ofte opplever svikt i tenestene. Dei som treng økonomisk stønad er ofte i utsette situasjonar, og det kan få alvorlege følgjer dersom tryggingsnettet sviktar.

Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) gjennomførte i 2020-2021 ei risikovurdering av økonomisk stønad i Nav. Formålet med arbeidet har vore å identifisere område der det er risiko for at brukarar og familiane deira kan oppleve svikt i tenestene. Helsetilsynet vil bruke resultatet frå risikovurderinga som grunnlag for val av tema ved framtidige tilsynsaktivitetar, og har allereie tatt i bruk tema frå risikovurderinga i landsomfattande tilsyn i 2022-2023. Statsforvaltarane skal då gjennomføre landsomfattande tilsyn om varetaking av barna sine behov når foreldra søkjer økonomisk stønad.

Aktivitetane i risikovurderinga har vore å hente inn kunnskap om kvar det kan svikte i dei sosiale tenestene og utarbeide ei liste med risikopunkt basert på denne kunnskapen. Lista med risikopunkt var utgangspunktet for ein nasjonal workshop med eit fagpanel som representerte breidda i fagfeltet, og workshopar hos kvar enkelt statsforvaltar.

Punkta som fagpanelet og statsforvaltarane rangerte som mest risikoutsette er:

Barna sine behov blir ikkje tilstrekkeleg kartlagde.
Barn og unge får ikkje eit samordna tenestetilbod.
Den sosiale situasjonen og helsesituasjonen for personar blir ikkje tilstrekkeleg kartlagde.
Personar som har, eller som står i fare for å få, sosiale problem, får ikkje tilbod om tenesta opplysning, råd og rettleiing.
Helsetilsynet meiner rapporten er relevant for kommuneleiinga og Navleiarar i arbeidet med å betre praksisen hos Nav-kontora. Han er òg relevant for Arbeids- og velferdsdirektoratet i rolla som fagdirektorat for dei sosiale tenestene. I rapporten føreslår vi læringspunkt til kommunane og Arbeids- og velferdsdirektoratet om tiltak på dei områda der resultata viser størst risiko for svikt.
Eier:HELSTILS
Vurdering:
URL:https://www.helsetilsynet.no/publikasjoner/rapport-fra-helsetilsynet/2022/risikovurdering-av-sosiale-tenester-i-nav/