| Tittel: | Får barn som bur i fosterheim oppfølging i samsvar med dei faktiske behova sine? : oppsummering av landsomfattande tilsyn med barnevernstenesta si oppfølging av barn i fosterheim 2022–2023 |  | Signatur: | Elektronisk dokument |  | Materialtype: | Elektronisk dokument |  | Utgitt: | Oslo : Statens helsetilsyn, 2024 |  | Omfang: | 22 s. |  | Serie: | Rapport fra Helsetilsynet ; 8/2024   |  | Emneord: | Barnevern / Dokumentasjon / Fosterhjem / Internkontroll / Omsorgsovertakelser / Statens helsetilsyn / Statsforvalteren / Tilsynserfaringer |  | Note: | Rapport 8/2024 er ei oppsummering av landsomfattende tilsyn med barnevernstenesta si oppfølging av barn som bur i fosterheim etter omsorgsovertaking.   Statsforvaltarane gjennomførte tilsyn med 52 barnevernstenester i alle fylka i landet. Tilsynet var retta inn mot korleis barnevernstenesta planlegg oppfølginga, hentar inn informasjon og følgjer opp fosterheimen for å kunne vurdere, konkludere og setje i verk avgjerder slik at barnet får den omsorga og hjelpa det har behov for. Barnet skal medverke i dette og arbeidsprosessane skal understøttast av ein systematisk internkontroll. Funna i tilsyna viser at barnevernstenestene i hovudsak gjennomfører dei lovpålagde oppfølgingsbesøka i fosterheimane, og at barna blir snakka med. Det er likevel et hovudfunn at oppfølginga av barn som bur i fosterheim etter omsorgsovertaking, ofte ikkje er systematisk og heilskapleg, og det er funne svikt i alle deler av arbeidsprosessen. Det sviktar også gjennomgåande når det kjem til plikta å dokumentere undervegs og i plikta til internkontroll. Funna medfører ein risiko for at barnet ikkje får den omsorga det treng. I rapporten gjev Helsetilsynet tilrådingar om kva som kan bidra til forsvarlege tenester. Vi tilrår mellom anna at Bufdir må sørgje for at rettleiaren om oppfølging av fosterheimar blir godt kjent i kommunen og at den blir oppdatert for å få tydeligere fram samanhengen mellom arbeidsprosessar. Vi oppmodar også kommunane om å ta i bruk digitalt fagleg kvalitetssystem utvikla gjennom Digibarnevern, for å sikre ein forsvarleg dokumentasjon gjennom heile arbeidsprosessen. Vi tilrår i tillegg at kommunane betrar styringa og leinga ved å bruke informasjon om eigen praksis, identifisere risiko og setje i verk tiltak.    |  | Eier: | HELSTILS |   
                 
                
                
             | 
            
                
                 
                 
                
                
                 
                
                
                
                
             |