Tittel: | Jord- og flomskred. Klimaanalyse for bruk i skredfarekartlegging : rapport frå FoU-prosjekt 40319-B802 | Ansvar: | forfattar: NGI | Forfatter: | NGI | Materialtype: | NVEs utgivelser | Signatur: | 556(05) | Utgitt: | Oslo : NVE, 2021 | Omfang: | [50] s. - ill. (noen kol.) | ISBN/ISSN: | 978-82-410-2139-8 / 2535-8235 | Serie: | NVE Ekstern rapport ; 2021:11 | Emneord: | Flaumskred / Jordskred / Klimaanalyse / Skredfareutgreiing / Terkselverdi | Note: | Forfattar: Frode Sanersen, NGI Publikasjonen foreligg kun elektronisk Har bibliografi | Innhold: | Sammendrag: Prosjektet hadde som mål å undersøke om det finst betre grunnlag for å gjere klimaanalyse i samband med skredfarekartlegging. Hypotesen var at gjennom eit stadig tettare nettverk av nedbørsstasjonar med registrering av timesnedbør, og tilgang på radarbilete, kan det utviklast betre framtidig statistisk grunnlag for kritiske terskelverdiar for skredutløysing (intensitet/ varigheit). Også med moglegheit for å analysere om det er skilnad mellom ulike regionar. Det er i dette studiet fokusert på nedbør (og snøsmelting), og ikkje jordfuktigheit eller topografiske eller andre lokale faktorar. Det er dermed knytt betydeleg usikkerheit til resultata. 1591 jord- og flaumskredhendingar er gjennomgått manuelt for å sikre tilstrekkeleg datakvalitet. Det er også henta tilhøyrande nedbør- og snøsmeltedata og IVF-kurver. Det er gjort analysar av nedbørsmengder og varigheit forut for skredhendingane. NVE sit forslag til jordskredregionar er brukt for å studere regionale skilnadar. Ut i frå analysane er det laga figurar med: • fordeling av kritisk varigheit innanfor dei ulike klimaregionar • fordeling av tidspunkt for kvar skredhending angitt med årstid • antall hendinger der snøsmelting er antatt å ha betydning for skredutløysinga • kritisk nedbørmengd innanfor dei ulike klimaregionane Basert på dette er det m.a. gitt nokre tilrådingar når det kjem til kva varigheit av nedbør ein bør sjå på i klimaanalysar, i ulike regionar. For heile landet er det 6-24 timarsnedbør ein bør sjå på i klimaanalysa, medan for Østlandet og Troms bør ein også sjå på kortare varigheit, ned mot 1-3 timar. Det er ikkje funne tydlege skilnadar på kritiske nedbørsverdiar mellom ulike regionar, men antek ein at skred skjer under ekstreme nedbørshendingar, relativt til landsdelen, kan verdiar MET brukar i farevarsel for regn/styrtregn brukast som indikasjonar på kritiske nedbørsverdiar. | Eier: | NVE |
|
|