Tittel: | Hurtigløp for elektrifisering av sokkelen med havvind? : Handlerom og hindringar i dagens regelverk | Ansvar: | Siv Elén Årskog Vedvik | Forfatter: | Vedvik, Siv Elén Årskog | Materialtype: | Bok | Signatur: | Karnov | Utgitt: | Oslo : Karnov Group, 2024.- 1. utgave | ISBN/ISSN: | 978-82-93816-71-3 | Serie: | Karnov ; 1/2024 | Emneord: | Elektrisitet / Havvind / Kontinentalsokkelen | Stikkord: | Havenergilova (2010) / Havenergilova (2010) § 2-2 / Havenergilova (2010) § 2-3 | Note: | KARNOV-2024-1 | Innhold: | Lov 4. juni 2010 nr. 21 om fornybar energiproduksjon til havs (havenergilova) skildrar i utgangspunktet ein straumlineforma prosess for tildeling av konsesjon for havvind. Prosessen startar med krav om eit opningsvedtak, som skal vere basert på ei strategisk konsekvensutgreiing. Etter at området er opna, skal departementet som hovudregel lyse ut ein konkurranse om tildeling av prosjektarealet eller -areala i det opna området. Vinnaren av konkurransen får einerett til å gjennomføre prosjektspesifikk konsekvensutgreiing og søkje om konsesjon. Det er denne prosessen områda i Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II følgjer. Havenergilova har samtidig fleire unntaksreglar som kan gi grunnlag for å «hoppe over» ulike steg i prosessen, slik at ein kjem raskare til mål. For havvindanlegg som skal forsyne olje- og gassplattformer, og som blir vurderte til å falle inn under petroleumslova, kan departementet bestemme at reglane i havenergilova ikkje skal gjelde, slik at det verken blir krav om opningsvedtak eller utlysing av konkurranse. Men også for prosjekt som må behandlast etter havenergilova, er det heimel for raskare løp: Havenergilova § 2-2 fjerde ledd gir departementet heimel til å gjere unntak frå reglane om opning i «særskilte tilfelle». I § 2-3 første ledd andre punktum er departementet vidare gitt heimel til å bestemme at eit område i «særlege tilfelle» skal tildelast utan utlysing og konkurranse. Hovudspørsmålet i denne publikasjonen er korleis desse unntaksreglane kan og bør brukast, med tanke på hurtigløp for havvind som skal bidra i elektrifiseringa av sokkelen. |
|
|