Tittel: | Er nasjonale tilsynsmyndigheiter for finansmarknaden eigentleg nasjonale? : Krav om uavhengige nasjonale tilsynsmyndigheiter for finansmarknaden i EU, EØS og Noreg | Ansvar: | Tollef Otterdal Heggen | Forfatter: | Heggen, Tollef Otterdal | Materialtype: | Bok | Signatur: | Karnov | Utgitt: | Oslo : Karnov Group, 2024.- 1. utgave, 1. versjon | ISBN/ISSN: | 978-82-93816-70-6 | Serie: | Karnov ; 25/2023 | Emneord: | EU / EØS / Finansielle tjenester / Finansrett / Finansvirksomhet | Stikkord: | Direktiv (EU) 2015/2366 - Betalingstjenestedirektivet / Direktiv 2013/32/EU - Kapitalkravsdirektivet (CRD IV) / Direktiv 2014/65/EU - Verdipapirmarkedsdirektivet 2014 (MiFID II) / Direktiv 2014/65/EU - Artikkel 4 - Verdipapirmarkedsdirektivet 2014 (MiFID II) / Forordning (EU) 2017/1129 - Prospektforordningen 2017 om verdipapirer / Forordning (EU) 2017/1129 - Artikkel 31 - Prospektforordningen 2017 om verdipapirer / Forordning (EU) nr. 575/2013 - Kapitalkravsforordningen (CRR) / Kapitalkravsforordningen (CRR) - SLÅ OPP på: Forordning (EU) nr. 575/2013 - Kapitalkravsforordningen (CRR) | Note: | KARNOV-2023-25 | Innhold: | I løpet av dei siste par tiåra har EU-lovgjevar vedteke rettsakter som stiller krav om at nasjonale regulerings- og tilsynsmyndigheiter på ulike rettsområde skal vere uavhengige. Dei fleste av desse rettsaktene er tekne inn i EØS-avtalen. Uavhengigheitskrava som rettsaktene introduserer, grip inn i tradisjonelle ordningar for å sikre demokratisk legitimitet for myndigheitsutøving i fleire av medlemsstatane i EU og EØS. Å forstå innhaldet i og konsekvensane av slike krav er difor svært viktig. Denne boka tek føre seg krav om uavhengige nasjonale tilsynsmyndigheiter på eit svært viktig rettsområde, nemleg finansmarknadsområdet. Sentrale spørsmål er når nasjonale finanstilsynsmyndigheiter skal vere uavhengige, kven dei skal vere uavhengige frå, og korleis uavhengigheita skal sikrast. Desse spørsmåla blir drøfta i eit EU-rettsleg perspektiv. Vidare blir spørsmålet om dei EU-rettslege krava kan overførast til EØS-retten behandla. Handteringa av krav om uavhengige nasjonale tilsynsmyndigheiter i norsk rett blir også gjennomgått. På denne måten tek boka sikte på å gje eit heilskapleg bilete av krav om uavhengige nasjonale tilsynsmyndigheiter for finansmarknaden i EU-retten, EØS-retten og norsk rett. Boka er særleg aktuell for personar med interesse for institusjonell finansmarknadsrett i EU, EØS og Noreg. Spørsmåla som blir drøfta i boka, har samstundes generell relevans for krav om uavhengige nasjonale regulerings- og tilsynsmyndigheiter på tvers av sektorar. Boka kan difor anbefalast for alle med interesse for EU- og EØS-retten sin påverknad på medlemsstatane sin stats- og forvaltningsrett. |
|
|