Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Proporsjonalitetskrav ved omgjering av akvakulturløyve : Ein forvaltningsrettsleg studie av eit allment uavklart prinsipp med akvakulturretten som kontekst
Ansvar:Sigrid Hamre
Forfatter:Hamre, Sigrid
Materialtype:Bok
Utgitt:Oslo : Sjørettsfondet, Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo, 2022
Omfang:144 sider
ISBN/ISSN:0332-7868
Serie:Marius ; 558
Emneord:Akvakultur / Forvaltningsrett
Stikkord:Akvakulturloven (2005) § 9 / EMK P1-1 / Grunnloven § 97 / HR-1995-230-K (Fett- og lim) / HR-2007-1869-A (Krekardommen) / HR-2008-695-A / HR-2016-389-A / HR-2020-2472-P (Klimasøksmålet) / LG-1994-313 / Rt-1995-738 (Fett- og lim) / Rt-2007-1573 (Krekardommen) / Rt-2008-560
Note:Mariusheftene kan kjøpes via bokbyen.no
Avgitt som avhandling / masteroppgave i 2021 ved Universitetet i Bergen.
Avhandlingen er lastet ned med forfatterens tillatelse.

Innhold:Forfatterens sammendrag:
Hovudproblemstillinga i denne framstillinga er om, og i så fall på kva måte, det gjeld krav om proporsjonalitet ved omgjering av akvakulturløyve av omsyn til miljøet etter akvakulturlova § 9 første ledd bokstav a. Føresegna gjev «departementet» heimel til å «endre» eller «trekke tilbake» eit akvakulturløyve dersom det er «nødvendig ut fra hensynet til miljøet». Eg skal undersøkje om føresegna opnar for at miljøomsynet åleine kan vere styrande for forvaltninga sin kompetanse til å omgjere, eller om kompetansen er avgrensa av krav om proporsjonalitet. Det inneber i så fall at ei omgjering etter føresegna må vere eigna, naudsynt og strengt
proporsjonalt overfor oppdrettar.

For å finne ut om desse proporsjonalitetskrava gjer seg gjeldande etter føresegna, er det ikkje tilstrekkeleg å tolke føresegna i eit vakuum. Eg lyt sjå til eit breitt spekter av rettskjelder frå fleire rettsområde, spesielt dei allmenne omgjeringsreglane i forvaltningslova § 35, men òg den ulovfesta vilkårslæra, Grunnlova § 97 og EMK TP 1–1.3 Føremålet er ikkje å gje eit uttømande bilete av desse reglane, men å få fram eit heilskapleg bilete av oppdrettaren sin
konsesjonsrettslege posisjon som innehavar av akvakulturløyve. Hypotesen er at dei meir spesielle akvakulturrettslege og miljørettslege kjeldene opnar for reine miljøvurderingar som grunnlag for omgjering, medan rettstryggleiksmekanismar frå overordna allmenne skrankar tilseier at ein lyt verne om oppdrettarar med proporsjonalitetskrava. Samanstillinga av regelfragmenta vil til sist vere eigna til å seie noko generelt om tilhøvet mellom eit spesielt næringsforvaltningsrettsområde som akvakulturretten og den alminnelege forvaltningsretten.
Til slutt vil eg vurdere i kva grad domstolane kan overprøve dei eventuelle
proporsjonalitetskrava, og i så fall om domstolsprøvinga har noko å seie for kva norm som gjeld for forvaltninga ved omgjering.

Vedlegg:- Rettsinfo.no
- Hos utgiver - avhandlingen