Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Landslova 750 år : eit spesialnummer
Ansvar:Erling Hjelmeng og Jørn Øyrehagen Sunde
Forfatter:Hjelmeng, Erling / Sunde, Jørn Øyrehagen
Materialtype:Artikkel - elektronisk
Signatur:Tidsskrift for rettsvitenskap
Utgitt:Oslo : Universitetsforlaget, 2024
Omfang:S. 386–398
Serie:Tidsskrift for rettsvitenskap ; 3/2024
Emneord:Lederartikkel / Rettshistorie
Stikkord:Landslova (1274)
Innhold:Magnus Lagabøters landslov var både internasjonalt orientert, føre si tid og tok fatt i grunnleggjande utfordringar. Den spelte også ei viktig rolle for samfunnets funksjon på fleire plan. Dette er problemstillingar lovgiving, rettspleie og rettsvitskap på same måte må handtera i dag. Tidsskrift for Rettsvitenskap har sidan 1888 hatt som formål å vera eit talerøyr for rettsvitskapen i Norden og å bringa ny kunnskap av høg vitskapleg kvalitet. Tidsskriftet legg òg vekt på det tidlause: at artiklar skal ha ein verdi utover si eiga tid og vera til nytte for framtidige juristgenerasjonar. Med dette som oppdrag er det ei glede å presentera dette jubileumsheftet, som markerer Landslovas 750-årsjubileum. Jubileumsheftet samlar fem artiklar av norske og utanlandske forskarar, som alle klargjer Landslova i ulike perspektiv, både ut frå lovboka si samtid og etterfølgjande betydning.

I dette spesialnummeret vert det fyrst handsama korleis ombodsmannsordninga i Landslova vart nytta til å utvikla ei forklaring på kongen si makt og maktdelegering i den framveksande statsmakta. Deretter utviklinga av ekteskapsretten etter kyrkjeleg påverknad i eldre norsk rett og i Landslova samanlikna med utviklinga i dagens Spania. Lovgjevingsambisjonar fann ein i høgmellomalderen over alt i Europa, og lovgjeving på 1300-talet i Köln er eit døme på det mangfaldet av lovgjeving som kom. Så skal vi sjå korleis Landslova framleis hadde relevans på 1600-talet, før det til slutt vert handsama korleis Landslova vart framstilt i (retts)historisk forsking på 1800- og 1900-talet, etter at den berre hadde vorte eit historisk dokument, men med stor ideologisk betydning. Men fyrst skal vi innleia spesialnummeret med bakgrunnen for Landslova og korleis den vart til, før vi studerer det samfunnsendrande ved lovboka ut frå korleis den endra handels- og kredittretten.
Del av verk:Tidsskrift for rettsvitenskap 3/2024

Vedlegg:- Juridika
- Idunn