Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Ombodsmannsordninga og utøving av kongeleg makt i Landslova av 1274
Ansvar:Jørn Øyrehagen Sunde
Forfatter:Sunde, Jørn Øyrehagen
Materialtype:Artikkel - elektronisk
Signatur:Tidsskrift for rettsvitenskap
Utgitt:Oslo : Universitetsforlaget, 2024
Omfang:S. 399–428
Serie:Tidsskrift for rettsvitenskap ; 3/2024
Emneord:Makt / Ombud / Rettshistorie / Statsrett / Vitenskapelig publikasjon
Stikkord:Landslova (1274)
Innhold:I Landslova av 1274 er ombodsmannsordninga òg ei ordning for å forklara og delegera kongeleg makt. Den norske kongsmakta kunne alt på 1000-talet observera korleis det kyrkjelege hierarkiet, med paven i Rom i sentrum, vart utvikla som eit nettverk for delegering og utøving av sentralmakt. Den kyrkjelege administrasjonen tente som inspirasjon for ei tilsvarande utvikling for den norske kongsmakta på andre halvdel av 1100-talet. I fyrste omgang vart kongeleg makt forklart gjennom lån av idear og terminologi frå føydal tenking og praksis. Men under kong Magnus Lagabøter vart det føydale innlånet erstatta med ombodsmannsordninga frå eldre norsk rett. Den er ein gjennomgåande struktur i Landslova, både for relasjonen mellom innbyggjarar og mellom kongen og hans embetsmenn, det som i dag vert kalla privatrett og offentleg rett. Inspirasjonen var truleg Sankt Olav som ein Guds ombodsmann for det norske riket. Det er vanskeleg å seia noko om konsekvensane av at ombodsmannsordninga erstatta føydal tenking, for å forklara sentralmakta og delegering av denne, men det er truleg at den gjorde maktdelegering innan den gryande statsmakta meir forståeleg for innbyggjarane gjennom å gjera den abstrakte staten og statsmakta meir konkret og knytt til deira kvardag. I alle fall ser ein at ombodsmannsordninga vart nytta aktivt av både kyrkje- og kongsmakt på 1300-talet i samband med delegering av makt.

Nøkkelord: statsdanning, ombodsmannsordninga, maktdeling, delegering av makt
Del av verk:Tidsskrift for rettsvitenskap 3/2024

Vedlegg:- Juridika
- Idunn