Tittel: | Minnelege utskiftingar på Lyseklostergodset på 1800-talet : Amicable enclosures on the estate of Lysekloster in the nineteenth century | Ansvar: | John Ragnar Myking | Forfatter: | Myking, John Ragnar | Materialtype: | Artikkel - elektronisk | Signatur: | Kart og plan | Utgitt: | Oslo : Universitetsforlaget, 2022 | Omfang: | S. 263–286 | ISBN/ISSN: | 0447-3278 | Serie: | Kart og plan ; 3/2022 | Emneord: | Vitenskapelig publikasjon | Stikkord: | Utskiftningsloven (1821) | Innhold: | Samandrag Det vert ofte hevda at utskiftingslova av 1821 fekk lite å seia. Fleire historikarar reknar med at dei minnelege utskiftingane var proforma dokument som vart sette opp for å koma unna skatteauke eller andre krav ved overdraging av eigedomar. Denne artikkelen byrjar med å utfordra dette synet. Ei undersøking av Fana prestegjeld viser at utskiftingane var reelle og at talet på teigar vart sterkt redusert. Ingen av desse forretningane gjekk likevel så langt at heile innmarka vart samla i éin teig for kvart gardsbruk. Slik var det også på Lyseklostergodset fram til midten av 1840-talet, sjølv om talet på minnelege utskiftingar på dette godset var mindre enn på gardane i Fana.
Frå midten på 1840-åra og fram til byrjinga av 1860-åra tok eigaren av Lyseklostergodset på seg ei meir aktiv rolle når det galdt administrasjonen av godset. Mot slutten av 1830-åra tok han initiativ til å halda grensegangsforretningar mellom dei om lag 130 gardane som høyrde til Lyseklostergodset. Mellom midten av 1840-åra og byrjinga av 1860-talet følgde han opp med omfattande utskiftingar av dei fleirbølte gardane der ei forenkling av teigstrukturen kunne vera tenleg. Nokre av utskiftingane var heimla i utskiftingslova av 1821, andre var skylddelingar eller andre typar forretningar som tok sikte på å auka eller redusera talet på bruk på garden. Dei fleste av desse forretningane resulterte i at heile innmarka på kvart bruk vart samla i éin einaste teig. Ofte vart også bygningane flytte ut frå fellestunet. Eigaren av Lysekloster var heilt klårt arkitekten bak desse utskiftingane. Han kunne ta omsyn til innvendingane til leiglendingane når de var misnøgde med resultatet, men til sist var det han som godkjende det endelege resultatet.
Sjølv om utskiftingane på Lyseklostergodset mellom midten av 1840-talet og byrjinga av 1860-talet hadde bakgrunn i utskiftingslova av 1821, peikar viljen til å samla innmarka i éin teig for kvart bruk fram mot utskiftingslova av 1857.
Nøkkelord: utskifting, minneleg utskifting, leiglending, godsadministrasjon
Abstract The Norwegian law of enclosures from 1821 is generally held to be of little consequence. Some historians also argue that many of the enclosures that were carried out were pro forma documents set up to avoid taxation or to answer other legal demands when it came to the transfer of property. This article begins by challenging this view. A study of the parish of Fana shows that most enclosures resulted in genuine documents aiming at reducing the number of fields and plots of grassland belonging to each holding. Nevertheless, none of these enclosures managed to consolidate the infield area of each holding into one single plot. A study of the estate of Lysekloster from the beginning of the 1820s up to the middle of the 1840s indicates the same development on this estate, although the number of enclosures did not reach the same level as in Fana.
From the middle of the 1840s to the beginning of the 1860s the owner of the Lysekloster estate took a more active role in managing his estate. At the end of the 1830s he let the borders between the approximately 130 farms belonging to his estate be drawn up and recorded. Between the middle of the 1840s and the beginning of the 1860s he then continued to ensure effective enclosures on most of the farms where such enclosures could be helpful for farming. Some of these enclosures were carried out according to the law from 1821; others were documents aiming at expanding or reducing the number of holdings on the farm. Most of these enclosures resulted in consolidating the infield area of each holding into one single plot, often also facilitating the transfer of farmhouses from one common site to the infield area of each holding. The owner of the estate of Lysekloster was clearly the main architect behind these enclosures. He sometimes gave in to his tenant’s arguments when they were dissatisfied with the outcome of the enclosures, but in the end he was the one to sanction the final documents.
Although the enclosures on the estate of Lysekloster between the middle of the 1840s and the beginning of the 1860s were based on the law of 1821, they anticipated the new Norwegian law of enclosure from 1857 in their goal to consolidate the infield of each holding into one single plot.
Keywords: enclosures, amicable enclosures, tenants, estate management | Del av verk: | Kart og plan 3/2022 |
|
|