Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Netto null som ny internasjonal norm
Ansvar:Lars-Henrik Paarup Michelsen
Forfatter:Michelsen, Lars-Henrik Paarup
Materialtype:Artikkel - elektronisk
Signatur:Praktisk økonomi & finans
Utgitt:Oslo : Universitetsforlaget, 2021
Omfang:S. 37-47
Serie:Praktisk økonomi & finans ; 1/2021
Emneord:Energi / Klima
Innhold:Stadig fleire statar og selskap set mål om netto nullutslepp frå midten av dette hundreåret – eit mål som både er forankra i Paris-avtalen og i tråd med anbefalingane til FNs klimapanel (IPCC). Netto null betyr at ein oppnår balanse mellom det ein slepp ut av klimagassar, og det ein klarar å fange eller fjerne. I denne artikkelen argumenterer eg for at netto null har blitt ein ny internasjonal norm – ein ny standard for «skikkeleg» oppførsel. For næringslivet betyr det at ein blir møtt med ein rekke forventningar til kva ein skal gjere. I lys av dette går eg i artikkelen gjennom tre forhold eg meiner er viktige for næringslivet. For det første blir det forventa at alle utslepp skal i null så raskt som mogleg. Ingen sektorar slepp unna målet om nullutslepp – sjølv ikkje dei der ein før har vurdert utsleppsreduksjonar som ekstra krevjande. For det andre inviterer netto null også til at ein tek ansvar for utslepp i heile verdikjeda. Mens det rådande synet til no har vore at eit selskap kun tek ansvar for utsleppa ein sjølv kontrollerer, ser vi at dette er i ferd med å snu. Særleg mange investorgrupper presser på for at selskap skal anvende eit verdikjedeperspektiv i klimaarbeidet. At store oljeselskap som Equinor det siste året har bestemt seg for å ta ansvar også for utsleppa frå forbrenning av olje og gass, er eit uttrykk for dette. For det tredje vil det bil forventa at ein praktiserer full openheit om, og eventuelt korleis, ein kompenserer eller nøytraliserer utslepp ein til no ikkje har klart å bli kvitt. Marknadsbaserte klimatiltak er viktige for netto null-målet, men vi manglar i dag gode internasjonale system for kjøp og sal av utsleppskvotar – og kredittar – både for land og selskap.

Nøkkelord: netto nullutslepp, klimaendringar, energiomstilling, finansiell klimarisiko
Del av verk:Praktisk økonomi & finans 1/2021

Vedlegg:- Juridika
- Idunn