Tittel: | NOU 2018:11 – Ny fjellov | Ansvar: | Katrine Broch Hauge | Forfatter: | Hauge, Katrine Broch | Materialtype: | Artikkel - elektronisk | Signatur: | Nytt i privatretten | Utgitt: | Oslo : Cappelen Damm Akademisk, 2018 | Omfang: | S. 17-19 | Serie: | Nytt i privatretten ; 4/2018 | Emneord: | Allemannsretten / Allmenningsrett / Samekultur / Samerett | Innhold: | Den 22. juni 2018 gav utval oppnemnt ved kongeleg resolusjon 4. mars 2016 si innstilling til Landbruks- og matdepartementet. Sentralt i mandatet for lovutvalet var forenklingar i lovverk og administrasjon av statsallmenningane. Det var også klart at utvalet skulle ta utgangspunkt i den grunnleggjande rolledelinga med staten som grunneigar, og der retten til jordbrukstilknytte bruksrettar ligg til bygder som frå gamalt av har hatt slik bruk. Mandatet framhevar også at utvalet skulle ivareta grunnlaget for samisk kultur og samiske rettar og interesser. Dei sentrale rettane og prinsippa i allmenningsretten skal vidareførast. Utvalet var også bedt om å leggja vekt på det lokale sjølvstyret, og at lokal kompetanse i fjellbygdene er avgjerande for ei god lokal forvaltning. Ein del av oppdraget var også å vidareføre, og helst styrke det lokale sjølvstyret på dette området. | Del av verk: | Nytt i privatretten 4/2018 |
|
|