Tittel: | ESA som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i den indre marknad |
Ansvar: | Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund |
Forfatter: | Barlund, Ingrid Margrethe Halvorsen |
Materialtype: | Artikkel - elektronisk |
Signatur: | Lov og rett |
Utgitt: | Oslo : Universitetsforlaget, 2020 |
Omfang: | S. 261-273 |
Serie: | Lov og rett ; 5/2020 |
Emneord: | EFTA / EØS / Finansvirksomhet |
Innhold: | For norsk finansnæring er tilgang til EUs indre marknad for finansielle teneste heilt avgjerande. Dette føreset at EFTA-statane finn ei rettsleg haldbar og berekraftig tilknytingsform til EUs finanstilsyn. I 2016 vart forordningane som opprettar EUs finanstilsyn, gjort til del av EØS-avtala, og Noreg tilslutta seg finanstilsyna kort tid etter. EUs finanstilsyn har myndigheit til å gjennomføre tiltak av ikkje-bindande karakter retta direkte mot styresmakter og aktørar i EØS/EFTA-statane. Der det dreiar seg om rettsleg bindande vedtak, derimot, er det formelt EFTAs overvakingsorgan (ESA) som fattar desse. Desse vedtaka vil allereie vere skisserte av eit EU-finanstilsyn. I denne artikkelen undersøkjer eg ESAs rolle som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i EFTA-pilaren. Hovudproblemstillinga for artikkelen er kva slags myndigheit ESA har til å fatte rettsleg bindande vedtak under den valde tilknytingsmodellen.
Nøkkelord: EFTAs tilknytingsmodell EØS-finanstilsyn finansielle teneste finansmarknaden i EU handheving |
Del av verk: | Lov og rett 5/2020 |