Innhold: | Krav etter internasjonal rett, og Istanbul-konvensjonen særleg, står sentralt i den pågåande reforma av norsk seksualstraffelovgjeving. Det gjeld mellom anna i Straffelovrådet si utgreiing, NOU 2022: 21, som no er til behandling i departementet. Samstundes held debatten om reforma fram, òg med tanke på internasjonale krav på området. Amnesty, til dømes, hevdar at Straffelovrådet sitt framlegg ikkje vil «bringe straffeloven i tråd med internasjonale menneskerettighetsstandarder.» I anna samanheng går Amnesty, sjølv om formuleringane ikkje er heilt eintydige, òg langt i å hevde at konvensjonen stiller særlege krav til valdtektsstraffebodet i seg sjølv. Etter mitt syn er dei internasjonale menneskerettslege krava noko mindre konkrete enn det slike påstandar gjev inntrykk av. Spørsmålet om dei menneskerettslege rammene for reforma har samstundes nokre djupare dimensjonar som denne teksten særleg tek sikte på å pakke ut. Tematikken har ikkje berre interesse i relasjon til den pågåande reforma, men er òg eit prisme for meir generelle trekk ved utviklinga i relasjonen mellom nasjonal strafferett og internasjonale menneskerettar. Nettopp seksuelle krenkingar har stått i sentrum for utviklinga av staten sine såkalla positive plikter til å sikre individa sine menneskerettar, jf. EMK artikkel 1. |