Innhold: | Sammendrag I HR-2020-2079-P vurderte Høgsterett i plenum habiliteten til fleire av høgsterettsdommarane i samband med det såkalla klimasøksmålet, som gjaldt om visse løyve til petroleumsutvinning var i strid med mellom anna Grunnlova § 112. Den eine av dommarane måtte vika sete på bakgrunn av engasjement i ein internasjonal organisasjon som arbeider med miljørettslege spørsmål. Denne habilitetsavgjerda vekte reaksjonar, og det er grunn til å spørja kva betyding den vil ha for habilitetsvurderinga i seinare saker kor ein dommar har utvist fagleg engasjement. I denne artikkelen set forfattaren habilitetsavgjerda i klimasøksmålsaka inn i ein større rettsleg samanheng. Avgjerda blir kritisert for å høva dårleg med tilnærminga i tidlegare rettspraksis og med dei omsyna som gjer seg gjeldande. Ifølgje forfattaren er det uheldig om miljøengasjement lett vil føra til inhabilitet i saker som reiser miljørettslege spørsmål.
Nøkkelord: habilitet, domstollova § 108, Grunnlova §§ 95 og 112, EMK artikkel 6, klimasøksmåleter |