Tittel: | Lagmannsretten ain’t broken. Don’t fix it! | Ansvar: | Kjetil Aasen og Borgar Høgetveit Berg | Forfatter: | Aasen, Kjetil / Berg, Borgar Høgetveit  | Materialtype: | Artikkel - elektronisk | Signatur: | Lov og rett | Utgitt: | Oslo : Universitetsforlaget, 2025 | Omfang: | S. 289–290 | Serie: | Lov og rett ; 5/2025  | Emneord: | Lederartikkel | Innhold: | I høyringsnotat 8. mai 2025 føreslår Justisdepartementet å erstatte nemninga «lagmannsrett» med «lagrett», «lagmann» med «lagrettsleiar» eller «nestleiar i X lagrett», og «fyrstelagmann» med «fyrstelagrettsleiar» eller «leiar i X lagrett». Framlegga er ledd i mange års arbeid med å gjere titlar i staten kjønnsnøytrale, og det er mellom anna vist til Domstolkommisjonen, som i NOU 2019: 17 uttalte at det «bør vurderes» om «lagmannsrett» bør bytast ut med eit kjønnsnøytralt ord.
Det er vel og bra med eit prinsipp om kjønnsnøytrale yrkesnemningar og titlar, til dømes at «lærarinner» er vortne «lærarar», eller at «formenn» i mange samanhengar er vortne «leiarar». Der det har vore enkelt å finne gode kjønnsnøytrale ord, er det stort sett gjort for lenge sidan. I nyare tid har ein gått laus på dei vanskelegaste tilfella, og vi har mellom anna fått endringane «fylkesmann» > «statsforvaltar», «syssel-mann» > «sysselmeister» og «tenestemann» > «tenesteperson». | Del av verk: | Lov og rett 5/2025 |
|
|