Tittel: | Kvartalsrapport for kraftmarknaden : 3. kvartal 2011 | Ansvar: | redaktør: Finn Erik Ljåstad Pettersen ; forfattere: Anton Jayanand Eliston ... [et al.] | Forfatter: | Eliston, Anton Jayanand / red.: Pettersen, Finn Erik Ljåstad | Materialtype: | NVEs utgivelser | Signatur: | 556(05) | Utgitt: | Oslo : NVE, 2011 | Omfang: | 84 s. - ill. (noen kol.) | ISBN/ISSN: | 978-82-410-0770-5 / 1501-2832 | Klassenummer: | 338.5:621.311(48) | Serie: | NVE Rapport ; 2011:24 | Emneord: | Elektrisitetsforsyning / Kraftforsyning / Pris og markedsforhold | Geografiske emneord: | Norden | Note: | Foreligger kun elektronisk Forfattere: Anton Jayanand Eliston, Erik Holmqvist, Per Tore Jensen Lund, Ingrid Magnussen, Kjerstin Dahl Viggen, Mats Øivind Willumsen og Margit Iren Ulriksen | Innhold: | Sammendrag: Vått vêr i tredje kvartal 2011 gav høgt tilsig til dei norske vassmagasina. Fyllingsgraden i magasina auka derfor ifrå 67,2 prosent til 86,1 prosent i løpet av kvartalet. Det er litt under normal fyllingsgrad for utgangen av kvartalet. Kraftforbruket var 25,0 TWh, omlag som i tredje kvartal 2010. I allminneleg forsyning var det likevel ein nedgang i forbruket på 0,4 TWh til 16,1 TWh, noko som kan skuldast mildt vêr. Samanlikna med tredje kvartal 2010 auka kraftproduksjonen med 6,9 TWh til 30,9 TWh. Det uvanleg høge produksjonsnivået har samanheng med at fleire kraftverk, etter kvart som dei store nedbørmengdene fylde opp vassmagasina, var tvungne til å produsere for å unngå spill av vatn. Kraftoverskotet var derfor stort, og Noreg hadde nettoeksport av 5,9 TWh i tredje kvartal 2011. Forutan om den høge vasskraftproduksjonen og lågt innanlandsforbruk i sommarmånadane var også låg vindkraftproduksjon på kontinentet medverkande til den norske nettoeksporten. Kraftprisen var i snitt for kvartalet 241 kr/MWh i Vest-Noreg, 247 kr/MWh i Aust- og Sørvest-Noreg, 287 kr/MWh i Midt-Noreg og 288 kr/MWh i Nord-Noreg. I andre kvartal 2011 var dei tilsvarande snittprisane 30-40 prosent høgare. Prisfallet lot seg også merke i terminmarknaden for kraft, der fjerdekvartalskontrakten for 2011 fall med 12 prosent frå starten til slutten av kvartalet, og vart til sist handla for 324 kr/MWh | Eier: | NVE |
|
|